Hei, da er eg tilbake igjen på nynorsk. Det kjennes godt å blogge litt på den andre målforma, samtidig som det får deg (med rett bruk) til å sjå ufortent smart ut, så eg tenkjer å gjere det til ein vane.
Heime har eg hatt ein gitar hengjande på veggen ganske lengje. Foreldra mine var glade i la meg få utvikle meg da eg var liten, så dei kjøpte ein gitar til meg da eg var rundt ni år gamal. Dei var uansett litt for sparsame da dei kjøpte ein gitar som skulle vare: Gitaren var så stor at eg ikkje nådde lengre opp enn tre strenger, og gitaren var så svær at eg måtte sitje med armane fullt utstrekt for å bruke han. Eg gav opp ganske fort, for å øve hadde nok ikkje hjelpt mykje. Da eg hadde gitar på ungdomsskulen, var ikkje fingrane mine lange nok enda, så eg lærte meg dei to obligatoriske songane “Tom Dooley” og “Jamaica Farewell” og redda femmaren. Det var det siste eg spelte på gitar. Det burde eg angre på, for eg såg heile tida bevis på kvifor eg burde spele gitar: (1) Det såg gøy ut og (2) sjølv den mest daffe og idiotiske guten i verda kunne kapre seg kvinnfolk med gitarspel.
Så ein dag for nokre månadar sidan drog eg opp til ein ven som har mange gitarar heime, enda ingen i familien hans er profesjonelle musikarar. Eg hadde meir lyst til å spele Xbox, men han viste meg eit ark med nokre akkordar på. Desse akkordane danna songen “A Kiss is not a Contract” av Flight of the Conchords. Conchords er god musikk, i tillegg til å vere morosam, så etter litt overtaling blei eg med på å spele. ”Gitar viste seg å ikkje vere så vanskeleg”, tenkte eg, så eg drog heim og tok ned gitaren. No speler eg gitar kvar dag og merker framgang.
Eg trur det aller største hinderet for at eg skulle byrje å spele, var at eg trudde at alle kule songar var dritvanskelege, men med dei fire grepa D, C, G og E-moll (og litt transponering) kan du spele klassikarar som “I’m Yours”, “Moonlight Shadow”, “Forever Young”, “Bad Moon Rising”, “Whiskey in the Jar”, “The Wild Rover”, “Hodet over vannet” og ikkje minst “Dragostea Din Tei”. Visse gode songar treng du ikkje meir enn to enkle akkordar på.
Om du har lyst til å lære deg å spele gitar, og det bør du, anbefalar eg tre sider: Ultimate Guitar, Nortabs og 8notes.com sitt Guitar Chord Chart. På den fyrste finn du masse gitarrelaterte ting, som akkordar og tabulatur. Den kan til og med transponere songane for deg og rulle automatisk nedover medan du speler. Nortabs er ein god ressurs for norske songar, men har ikke så mange funksjonar som den internasjonale sida. På sistnevnde finn du alle gitarakkordar med alle variasjonar. Om kort tid er du nok i gang med å spele gitar kvar dag… og nedleggje kvinnfolk kvar helg.
Det viktigaste er uansett ikkje kor god du blir, men kor gøy du føler det er å spele.
Illustrasjon: Clave de sol av wakalani (CC-BY-SA 2.0)