Posted by: vages | 2010-03-10

“Sehnsucht”, eller “om å vere ferdig med revyen”

No har eg jobba i meir enn fire månadar med revy – den siste ein og ein halve månaden samanhengande. Tidvis elska eg det, og tidvis hata eg det. Mest elska eg det.

I dag framførte resten av gruppa og eg Sandvikarevyen 2010 for siste gong. “Det var nok no” tenkte eg med meg sjølv da eg gjekk av scenen i SS-uniform for siste gong og publikum reiste seg. Det verka i kvart lem, og du fann ikkje eit fnugg av sentimentalitet i heile meg. Ikkje heller da vi rydda, ikkje heller da vi åt i lag og ikkje da eg sto på skysstasjonen. Ikkje når eg låser meg inn og kommer inn på rommet mitt. Utanfor vindauget mitt står det ei gatelykt og skin på restane av snøen som falt i vinter. Eg har sprunge gjennom den mange gonger for å komme meg til revyøvingane i tide.

Tankane hoppar tilbake til oktober og eg blir fylt av sjølvransaking. Eg skulle ha kome nærmare innpå kvar og ein, skulle vore meir alvorleg. Eg kunne og skulle ha gjort mykje annleis. Alle desse menneska traff eg så seint, og eg blei ordentleg kjent med dei enda seinare. Refleksjonen virker ikkje; eg formulerer meg ikkje godt nok til å yte folka rettferd uansett…

No som arrangementet er over, blir det rart å treffe folk i gruppa ein og ein. Slik er det å kjenne folk som ei gruppe, men eg ynskjer at det var annleis. Snart er juni her, og eg forlèt Sandvika og kjem ikkje tilbake på lenge, lenge. Tida er for knapp til at eg får kjenne alle så godt som eg har lyst til. For fyrste gong i livet mitt trur eg at eg er på veg inn i tilstanden som det berre finnes ord for på tysk: Sehnsucht.

Snøen smeltar og revyen er over; snart er begge to berre eit minne du kan sjå på film om du er sentimental nok.


Svar

  1. Eirik, dere var så flinke! Jeg er veldig glad for at jeg fikk med meg siste forestilling. Dessuten synes jeg du setter fingeren på noe viktig i teksten din, nemlig det fellesskapet med de andre elevene som man kanskje ikke ville ha blitt kjent med hvis ikke det var for revyen. Det var morsomt å se hva dere har fått til, og jeg blir stolt av å ha så fine elever å jobbe med. Takk skal dere ha!

  2. [...] noen uker siden var jeg ferdig på videregående. Jeg har tidligere skrevet tankene mine om å være ferdig med revyen her, så jeg tenker det er like greit å reflektere litt over det samme her. Siden det har gått [...]


Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Kategorier

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.